Kvite kakemanna a la mammaen til Erik

2 dl smelta smør
8 dl sukker
5 dl vatn
5 ts hjortesalt
24 dl kveitemjøl

Bland sukker og vatn i ein kjele. Varm opp til sukkeret er opløyst. Rør i litt mjøl. Ha i smelta smør og hjortesaltet. Bland i resten av mjølet. Sett kaldt over natta. Kjevl ut til ca ein halv cm. Steikas på 200* C i 6 til 8 minutt.

 

Fiskeform a`la Jorunn

Du treng:

Passe mengde laks og torsk.

La dette trekke i lettsalta vatn medan du kokar opp tjukk kvit saus med salt, peppar og litt kvitløk i.

Ta skinnet av fisken og legg den i ei ildfast form. Slå over sausen. Strø på kvitost og sett den i omnen på 200 grader medan potetene kokar.

Raspa gulrot og flatbrød er godt til 🙂

Brennande kjærleik

2 porsjonar:

4-6 poteter i teningar

ca 1 dl lettmjølk

1/2 ts salt

1/2 krm pepar

bacon i terningar

røykt pølse i terningar

1/2 lauk i skiver

Server  retten med råkostsalat

 

Lag til potetstappe av poteter, mjølk, salt og pepar.

Steik bacon, pølser og lauk

Legg potetstappa i botnen av eit serveringsfat og strø pølser, lauk og bacon opp på 🙂

 

Iskake

3 eggekvita

Pisk dette stivt.

2 dl sukker

1 dl hakka mandlar             Ha dette i til slutt.

Steik dette i ca 75 min, 165 grader. Eg bruker form str 26.

 

 

FYLL:

O,5 l fløyte                            Krem

 

3 eggeplommar

Eggedosis

1 dl sukker

 

0, 5 dl sterk kaffi                  Denne må vere kald, Ha den i litt etter litt i lag med daim.

2 dobble daim                      Hakk desse opp. La det vere att litt som du strør på      toppen som pynt.

 

Frys ned!

This entry was posted in Kaker.

BLÅBÆRRULL

6 eggekviter

3 dl sukker

1 pakke vaniljesauspulver

  • Visp eggekvite og sukker stivt
  • Mot slutten blander du i vaniljesausen
  • Legg dette på langpanna, brei det utover. Du må ha smurd bakepapir i panna.
  • Strø over hakka mandler og set i ovnen.
  • 180` i 20 min midt i ovnenFrosne heile blåbær/bringebær
  • 1 pakke fløyte
  • Når kaka er ferdig steikt, avkjøl ca 1/2 t.Når du skal fylle den, legg du eit kjøkenhandkle over kaka og løfter den opp og snur den opp ned. Legg den ned på benken/eit fat med mandelsida ned.
  • visp krem og smør den utover.
  • Strø utover med frosne bær.
  • Rull kaka saman og legg den på eit fat.
  • Voila! Håper det smaker:)

Mokkakake a la Marte

3 egg
2 dl sukker
2 dl mjøl
1 ts bakepulver
4 ss litt sterk, avkjølt kaffi

Pisk eggedosis av egg og sukker.
Smør ei rund form.
(Ikkje bruk bakepapir)
Steik på 175 grader i 30 minutt.
Del kaka i to.

Fyll inni og utanpå:
4 dl fløyte
2-3 ss melis
4 ss kaffi

Pisk krem av fløyte og sukker.
Tilset kaffien litt før kremen er ferdigpiska.

Glasur:
Kok opp 1 dl fløyte, 100 g kokesjokolade og 2-3 ss sukker.
Rør heile tida.
Avkjøl og slå over kaka.
Kan med fordel frysast.

This entry was posted in Kaker.

Iskake a la Gunnvor

Botn
5 eggekvitar
200 g malte mandlar/nøtter
200 g melis
1 ts bakepulver

Fyll
4 dl fløyte
5 eggeplommar
125g sukker

Pisk saman eggekvitar og melis. Hakk mandlar/nøtter og rør dette forsiktig inn saman med bakepulver.
Steikast på 175 grader i 40 minutt.

Pisk krem av fløyta. Pisk saman egg og sukker, Bland forsiktig. Hell blandinga over botnen, Pynt med hakka daim.

This entry was posted in Kaker.