1 pk seterrømme
1,5 l melk ++
semulegryn
2 ss sukker
salt
Kok opp røma, ha i semulegryn.
Når det er kokt opp, og du har hatt i semulegryna,
skruar du plata ned på lavaste stille.
La stå i ca 30 min.
(Til det er vaniljekrem-tjukkelse på rømeblandinga)
Kan røre litt i for å eventuelt skilje ut feittet.
Så kan du byrje med semulegrynsgrauten.
Kok opp melk, ha i semulegryn til passe tjukt
(Til det er kvit saus tjukkelse på blandinga)
Kok i minimum 10 min.
(Vert betre om du kokar lengre)
Smak til med salt og sukker.
Når du har fått feittet ut av røma,
sper du i litt melk slik at røma vert enklare å blande inn i grauten.
Bland alt saman og smak til.