Ingredienser til 4 personar
- 600 g biffkjøt i strimlar frå flatbiff
- 1 ss margarin eller olje til steiking
- 250 g fullkornsspagetti
- 1 dl soyasaus
- Safta av 1 stk sitron
- 50 g frisk ingefær
- 2 ss finhakka frisk koriander
- ½ stk raud chili
- 1 stk raud paprika
- 1 stk grønn squash
- 2 stk vårløk
- 1 stk rødløk
Slik gjer du
1. Bland soyasausen med safta av sitronen og finhakket chili. Skrell og kutt ingefær fint og ha den i soyasausen, saman med finhakka frisk koriander. La gjerne sausen stå å trekke smak, medan du lagar resten av maten.
2. Kok fullkornspagettien etter anvisning på pakken.
3. Skjer paprika, squash, vårløk og rødløk i strimlar og båtar. Brun det strimla biffkjøttet raskt i ei panne, tilsett grønnsakene og la det steike i 2 minutt. Hell over sausen og la det koke i 2 minutt. Rør inn fullkornspagettien.
Server gjerne med grovt brød.